Anne Gerd er nøgd med iPhone-opplæringa ho fekk av ISE

(Skriven av Lise Bakkan)

Anne Gerd hadde for eitt år sidan nyleg kjøpt seg iPhone og ho ynskte å lære meir om korleis ho kunne bruke denne. Då ISE gjekk ut med eit tilbod til ISE-medlemmar om opplæring i iPhone over Skype eller telefon, kasta ho seg ut i det, sjølv om ho var litt usikker på om det ville fungere i praksis. Her har eg intervjua Anne Gerd om hennar oppleving av opplæringa og kanskje akkurat du er den neste som freistar deg i opplæring?

ISE har vore heldige og fått Rune Breck som iPhone-instruktør. Han har erfaring med undervisning sidan han til dagleg jobbar som lærar på ein skule. Dette kombinert med ei genuin interesse for tekniske ting, gjorde han til ein god kandidat til å gje undervisning. Han er svært dyktig i bruk av iPhone, både generell bruk, fingerrørsler i VoiceOver, bruke leselist og han kan tilrå ei rekkje app-ar som kan vere nyttige for synshemma.

- Kva for tankar gjorde du deg om opplæringa på førehand?
- Eg hadde ikkje så store tankar om opplæringa. Eg var mest interessert i å kome i gang og meistre den nye telefonen best mogleg.

- Kva for funksjonar bruka du på iPhone før opplæringa?
- Eg kunne ta fram telefontastaturet og slå eit nummer, var litt kjent på skjermen, skru opp og ned volumet. Eg såg fram til å lære meir og nyttegjere meg av fleire funksjonar.

- Kva lærte du i dei tre timane saman med Rune?
- Eg lærte å opne og lukke e-postar og meldingar, opne vedlegg, slette e-postar, bla mellom sider, lese eit langt dokument, lukke program, med meir. Eg tykkjer eg lærte mykje på dei timane.

- Vart forventningane dine til opplæringa oppfylt?
- Ja, eg vart positivt overraska.

- Korleis var det å få "fjernundervisning" over telefon?
- Det var veldig avslappande å få undervisning over telefon. Vi hadde tre økter med ein time kvar og mellom dei øktene kunne eg sitje og prøve meg fram på det eg hadde lært på eiga hand. Når neste time kom, hadde eg gjort meg nokon nye erfaringar og kunne spørje Rune om det var noko eg lura på.

Anne Gerd tykte at gjennomføringa vart gjort på ein god måte, men ho tilrår andre å ha anten ein fasttelefon å snakke i eller bruke Skype på PC.

- Eg kan tilrå iPhone-opplæring over telefon eller Skype til andre medlemmar. Det kan høyrest vanskeleg ut, men Rune er dyktig på iPhone og han veit korleis han skal forklare og syne meg, sjølv om eg berre høyrde stemma hans. Det er avslappande å sitje i si eiga stove, sleppe å reisa langt vekk for å kome på eit kurs der det ofte er fleire deltakarar. Rune hadde fullt fokus på meg og det vi arbeida med.

Rune meiner at den største utfordringa med undervisning over telefon/Skype er at han ikkje kan syne korleis ein gjer dei forskjellige fingerrørslene. Han meiner det er ein fordel om brukaren på førehand kan dei grunnleggande fingerrørslene og viser til øvingsprogrogrammet i VoiceOver som du finn under Innstillinger -> Generelt -> Tilgjengelighet - VoiceOver -> VoiceOver-øving. Han tykkjer opplæring over telefon/Skype er ein fin måte å lære seg å bruke telefonen om ein kan litt fra før.

Du kan òg nyttje deg av opplæringa som ISE byr på til 500 kr.